Norheimsund Friskule

Ein kristen grunnskule for alle.

Eit trygt og godt læringsmiljø for elevane der tru, kunnskap og fellesskap går hand i hand.

Interessert i å vite meir om Friskulen?

Dersom nokon ønskjer uforpliktande informasjon om skulen, er de hjarteleg velkomne til å ta kontakt med oss.

Ring gjerne rektor på 906 00 946 for å avtale ei tid.

Søknadsskjema

Skriv ut skjemaet, fyll ut og send det i posten/sikker e-post, eller lever det på skulen.

Søknadsfrist er 1. desember. Opptaket skjer i løpet av desember/januar etter kriteria i Inntaksreglementet.

Video

Gode grunnar til å velje oss

Motiverte elevar

Det er viktig for oss at elevane opplever mestring og trivsel i ein hektisk skulekvardag. Det er eit mål at undervisninga skal vere variert og opplevast relevant.

Godt læringsmiljø

Me har ei engasjert personalgruppe som er opptatt av at elevane skal ha ein trygg og god skulekvardag både fagleg og sosialt. Me jobbar for å fremje eit godt læringstrykk og godt miljø både innad i klassane og på heile skulen.

Dyktige tilsette med fokus på enkeltelevar

Me vil at «Med hjarte for eleven» og «Utrusta for livet» skal kjenneteikne vår skule, og personalet vårt er opptatt av at våre elevar skal oppleve å bli sett og erfare at dei er verdifulle akkurat slik dei er. Me vil løfte fram det kristne menneskesynet – at alle er like mykje verdt.

Fagleg og digital kompetanse

Me har fokus på å gi god faglig undervisning og bruker oppdaterte læreverk. Alle elevane får datautstyr som brukast til skulearbeid, og elevane får opplæring i digitale hjelpemiddel som fremjer læring og har nytteverdi vidare i livet.

Aktuelt