Søk skuleplass
Dersom du vurdererer å søkje skuleplass hos oss, er det lurt å gjere det innan 1.desember. Dette er fristen for å kome med i hovudopptaket i tråd med prioriteringane i inntaksreglementet. Nokre elevar har fortrinn foran andre. Døme er dei som skal byrje i 1.klasse og at ein har eller har hatt søsken på skulen. Ein kan søkje etter 1.desember, men ein kan då ikkje få fortrinn.
Søkarportalen er open for skuleår framover i tid. Det er lurt å søkje i god tid.
Søkarportal i iSkole:
Opprett brukarkonto
Klikk på blå knapp under Søk skuleplass for å kome til iSkole sin søkarportal og trykk på registrer deg.
- Legg inn eleven sitt fornamn, etternavn, fødselsdato, personnummer og den e-postadressa de ønskjer å få meldingar og eventuelt inntaksbrev på.
- Velg deretter opprett.
- Alle felt på foreldre 1 og foreldre 2 må fyllast ut.
Søk skuleplass
Du søkjer skuleplass ved å klikke på den blå knappen under Søk skuleplass.
- Logg inn med eleven sitt fødselsnummer og passord.
- Ved gløymd passord kan du velje bestill nytt passord (du blir då bedt om å oppgi din e-postadresse for å få tilsendt passord). Sjekk i søppelpost hvis du ikkje får tilsendt passord.
- Velg riktig skuleår (dvs. det skuleåret eleven skal starte på Norheimsund Friskule).
Treng du rettleiing i søkeprosessen, er du velkomen til å ta kontakt med skulen. Du kan treffe oss på tlf. 40870122 måndag – fredag kl. 0800-1530.
Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss.
Mottatt tilbud om plass
Ved mottatt tilbud om skuleplass må søkjar aktivt bekrefte at ein tar imot plassen. Dette gjer ein ved å klikke seg inn i søkarportalen (bruk lenka ovanfor).
Inntak
Ved inntak av elevar, blir gjeldande inntaksreglement fulgt.
Inntaksreglementet til Norheimsund Friskule finn du her: Les her
Elevar som har fortrinn må søkje innan 1. desember for å få søknad om fortrinn behandla.
Inntak skjer fortløpande etter 1.desember for komande skuleår. Alle som får tilbod om skuleplass, blir varsla gjennom søkarportalen iSkole. Varsel kjem og på e-post. I februar/mars blir alle foreldre og føresette invitert til eit informasjonsmøte på skulen. I dette møtet vil det bli gitt informasjon om skulekvardagen.
Hvis det er fleire søkjarar enn skuleplassar, blir det etablert venteliste.
BESØK?
De er velkomne til å besøke oss på skulen. Ta kontakt for å avtale tidspunkt.