Julegåveaksjonen
Også i 2020 ønskjer familien Zaurins å ta med Samaritanske øskjer til Latvia. Dei deler ut julegåver til eldre på eldresenter, til barn og unge på institusjonar og til psykisk utviklingshemma. I tillegg til å dele ut julegåver, kjøper dei inn julemat og lager ein liten julefest der dei syng og fortel juleevangeliet.
Ønskjer du å vere med å støtte denne flotte tradisjonen familien frå Latvia har i sitt eige heimland, kan du lage til ei julegåve og levere inn på Friskulen i Vikøy. Me ser helst at du bruker ei lita skoøskje og legg oppi noko godt (sjokolade, kjekspakke, kaffipulver e.l.), noko varmt (ullsokkar, trøye, stillongs) og noko kjekt (leike, såpe, lommelykt..) alt etter kva målgruppa vil like. Du pakkar inn øskja i julegåvepapir og merker øskja "til jente 2-4 år", "til gut 8-12 år", "til jente 15+", til dame .... Hugs at det må vere ubrukte klede i gåveøskjene, og mat som ikkje går ut av dato før jul.
Siste frist for innlevering er fredag 18. desember 2020 på Friskulen i Vikøy (eller hos ein tilsett), men du må gjerne levere før.
Me har dei siste åra samla inn omlag 100 øskjer. Dersom du synest det er mykje styr med å lage til øskjer, treng dei og pengar til å kjøpe mat til julefestane. Bruk gjerne Julegåvekontoen vår 3530.27.60819 eller Vipps til nr 118420.