Førskuledag nye førsteklassingar
Onsdag 25. mars 2020, kl 0825-1330 er alle nye førsteklassingar, eller dei som lurer på om dei vil begynne på Friskulen til hausten, invitert til ein førskuledag. Då følgjer dei timeplanen til 1.-4. klasse og er med i mange ulike fag. Send ein e-post til rektor@friskulen.no om du ønskjer å vere med. Foreldra må og gjerne vere med.