Rotur til Stekka

Friskulen har valfaget Natur, miljø og friluftsliv for ungdomstrinnet. Me har og naust og to robåtar, og sidan austavinden heldt seg borte og sola skein frå skyfri himmel, nytta me høvet til å ro frå Vikøy til Stekka i Tørvikbygd. Lærar Nils Gunnar hadde fått låne ein motorbåt til følgjebåt, slik at når blemmene i handflata vart for store og kreftene vart oppbrukte, så kunne dei få litt slepehjelp. Omlag tre timar med roing måtte til for å kome fram. Telt og proviant vart køyrt bort med bil i forkant. Nokre valde å sove ute, dvs utan telt, berre i sovepose med måneskin, og alle var einige om at det hadde vore ein gild tur.