Småtrinnet og mellomtrinnet har vore med i komposisjonskonkurransen Veslefrikk. Målet er å vinna todagars tur til Oslo.
Her er nokre sitat frå kva dei syns om å komponera og kva dei tenkjer om eigen komposisjon:
- Kvifor vart stykket akkurat slik?
- Me samarbeida veldig ofte og høyrte etter kva lydar som passa til krig.
- Me forandra undervegs for å laga det betre.
- Nokre av lydane var inspirert av lydar i krigsfilmar.
Kva syns me om å komponera?
- Gøy
- Veldig gøy
- Det var veldig gøy å øva fram idéane.
- Kjekt
- Litt vanskeleg
- Gøy men veldig høg lyd
- Det var gøy å laga musikkstykket
- Syns det var gøy når me øvde og høyrde på kvarandre
- Det var spennande å laga eit musikkstykke som handla om krig.
- Veldig gøy med alle musikktimane me har øvd på stykket til Veslefrikk.
- Først høyrtes det ut som spetakkel, men så begynte det å ta form som musikk etter kvart.
- Eg føler eg vert betre til å laga musikk når eg lagar eit fint musikkstykke.
Korleis synes me komposisjonen vart til slutt?
- Fantastisk mykje betre enn eg trudde på førehand.
- Det er gøy at me har fått til å laga ferdig musikken.
- Det er eit fint stykke.
- Det vart litt mykje lyd.
- Det var morosamt både å spela det og høyra det etter at me hadde spelt det inn.
- Hadde me ikkje hatt Veslefrikkmetodevideoane hadde me kanskje ikkje fått det like bra til.
- Det var bra, men det var veldig mykje lyd, så eg fekk litt vondt i øyrene.
- Det vart ein veldig bra komposisjon.
- Det vart betre enn i fjor.
- Zooper (super) komposisjon
- Eg synes det var gøy med høg lyd, og no veit eg korleis ein lagar skummel musikk.
- Bra at me følgde Veslefrikkmetoden. Me såg ikkje videoane i fjor.